HelteRennet + HovdenTour + Haukelirennet = Fjelltrippelen

 

Frå 2018 har me inngått eit nytt samarbeid mellom 3 turrenn i fjellregionen i Telemark & Agder. HelteRennet på Rauland, HovdenTour på Hovden og Haukelirennet på Haukelifjell har ulike profilar. Til saman kan me tilby renn for unge, gamle, mosjonistar og eliteløparar - enten du svergar til klassisk stil eller vil skøyte. Felles for alle renna er at løypene ligg i flott fjellterreng, og at me har dei blidaste funksjonærane med dei finaste dialektane :)

 

Alle som går alle 3 renn får ein eigen deltakarpremie, og i tillegg blir det mange flotte trekkepremiar. Her kan dei heldige vinne både heiskort, helgeopphald og ein betre middag - for å nemne noko.

 

For å få premie må du krysse av for deltaking i Fjelltrippelen ved påmelding til Haukelirennet.

10. mars 2018

 

HelteFest på Rauland.

Her er alle heltar.

Er du glad i å gå på ski i flott terreng? Kort eller langt, seint eller raskt. Me har distanser for alle, med heile familien i fokus.

 

17. mars 2018

 

Turrenn for vennegjengen, bestefar, veslesøster eller den som jaktar melkesyra! Vel mellom 22 km eller 42,5 km, konkurranse- eller trimklasse. Her er det høg sosial profil, og mange heiagjengar!

 

14. april 2018

 

På Haukelirennet møtes både skikjendisar og morgondagens heltar. Her kan ein velge klassisk eller skøyting. Hovudløypa er 32 km, men du kan sjølv velge kor langt du vil gå.

 

Ta utfordringa!

 

Delta på alle arrangementa, og sjå kor flott me har det på Rauland, Hovden og Vågslid.

Nettside levert av Hovdenkontoret.